KOMPENSASJON VED STRAUMBROT

Har du vore utan straum i meir enn 12 timar, vil du få ein kompensasjon frå nettselskapet for dette. Med den nye automatiske målaren får du dette automatisk utbetalt seinast 12 veker etter utfallet. Har du ikkje automatisk målar, må du sjølv søke om kompensasjon seinast tre månader etter utfallet.

Kompensasjon for hushaldningar:

  • Kr 500 for straumbrot over 12 timar og deretter ein sats på kr 40 pr. time

Kompensasjon for fritidsbustader:

  • Kr 125 for straumbrot over 12 timar og deretter ein sats på kr 10 pr. time

Kva er eit langvarig avbrot?
Eit langvarig avbrot er når straumen er vekk i meir enn tolv timar. Tida som reknast som langvarig straumbrot er rekna fram til tidspunktet då kunden har fått gjenoppretta straumforsyninga. Har kunden blitt tilkopla aggregat reknast dette som at straumforsyninga er gjenoppretta. Fleire påfølgande avbrot er rekna som samanhengande om ikkje normal forsyning held stand i minimum to timer. Eit kortvarig avbrot på mindre enn tre minutt reknast ikkje som eit avbrot på dei to timane med normal forsyning.

Kven har rett på kompensasjon?
For å ha rett til utbetaling må ein vere kunde av nettselskapet. Leigetakarar av kunden har ikkje rett på kompensasjon. Det utbetalast kun ein kompensasjon per kunde, uavhengig av om kunden har fleire anlegg/tilknytingsavtaler. Til dømes vil kundar som både har bustad og hytte berre få éin kompensasjon. Om kravet på dei to er ulike, er det den høgste kompensasjonen som skal gjelde. Dette gjeld og kommunar eller verksemder med mange abonnement. For fritidsbustadar kan ikkje ein samla årleg kompensasjon overstige forventa innbetalt nettleige for same år. Skadar på materiell, som frysarar, kjøleskap m.m. skal meldast til den enkelte sitt forsikringsselskap.

Korleis søkjer eg om kompensasjon viss eg ikkje har automatisk målar?
Det er den personen eller den juridiske eining som er kunde hos SFE Nett som må fremje kravet. Fristen for å søkje om kompensasjon er tre månader etter straumbrotet. Du søkjer på Mi side. Ta kontakt med oss om du treng hjelp.