OM SFE NETT

SFE <picture/>

Straumnettet er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg SFE Nett til vekst og utvikling for næringar og samfunn – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.

Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km – tilsvarande distansen mellom Sogn og Fjordane og Kairo i Egypt. Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal.

På kartet nedanfor kan du sjå kvar SFE Nett har kontor og montørbasar.

Link block image

SFE-konsernet

SFE Nett er eit dotterselskap i SFE-konsernet, som også produserer og sel straum. Konsernet har 260 tilsette og er blant dei største kraftkonserna på Vestlandet.

Gå til SFE-konsernet på web