NY NETTLEIGE FRÅ 2022

SFE <picture/>

Frå 1.januar 2022 får vi ein ny prismodell for nettleige i Noreg

 

Eit aukande behov for elektrisitet som følgje av elektrifisering av samfunnet gir også eit auka press på straumnettet. Ein kan tenkje på straumnettet som motorvegar, der ein har avgrensa rom for mengde trafikk på ei og same tid. Slik er det også med straumnettet.

Løysinga er ikkje alltid å bygge ut nytt nett, då dette er kostbart og har ein konsekvens for naturen og miljøet. Straumnettet er eit stort spleiselag for samfunnet, der rekninga går til hushaldningar og næringsliv gjennom nettleiga. For å halde nettleiga lågast mogleg for deg som kunde, er det viktig at vi utnyttar det eksisterande nettet.

Dersom kundane kan tilpasse straumforbruket sitt, eller trafikken -utover døgnet, vil presset på straumnettet bli mindre. Til sist vil det løne seg for deg som forbruker og samfunnet elles at vi unngår utbyggingar kun for å skalere for dei travlaste timane. I tillegg til samfunnsøkonomiske fordelar, skånar ein også naturen og klimaet.

Kvifor ny nettleige?

Fram mot 2040 er straumforbruket i Noreg venta å auke med 25-45% som følgje av klimatiltak og industriutbygging, ifølge analyser frå NVE. Ny nettleige er eit tiltak ein innfører i heile landet, for å frigjere kapasitet i straumnettet.

Formålet med ein ny nettleige er å motivere alle til eit smartare straumforbruk. Kundane kan spare pengar på å jamne ut straumforbruket gjennom døgnet, og unngå å bruke mykje straum på same tid. Til dømes er mange vande med å lade elbil, lage middag, skru på varmen og sette klesvasken på når ein kjem heim frå jobb på ettermiddagen. Eit slikt mønster i mange bustader gir ein forbrukstopp og dermed eit press på kapasiteten i straumnettet. Ettersom det i storparten av døgnet elles er god kapasitet, vil det vere teneleg for samfunnet og kundane å jamne ut forbruket sitt.

Merk at det er svært viktig å ikkje vaske klede eller bruke unødvendige apparat når du søv eller ikkje er heime. Eit enkelt grep er likevel å lade elbilen trygt med heimelader om natta.

Kapasitet- og energiledd

Den nye nettleiga vil ha forskjellig pris på dag og natt, helg, sommar og vinter, og du kan dermed velje å bruke straum då prisen er lågast.

For hushaldningskundar vil den nye nettleiga bestå av to delar:

Kapasitetsleddet - eit beløp per månad berekna etter kor mykje straum du har brukt på same tid.

Energileddet - eit beløp per kilowattime, som blir berekna ut i frå når på døgnet du har brukt straumen.

Kapasitetsleddet blir bestemt ut frå den timen du brukte mest straum på same tid den siste månaden. Dersom du jamnar ut straumforbruket gjennom døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum på ein gong. Til dømes vil det løne seg å ikkje vaske kle, lage middag og lade elbil på same tid. Elbilen kan du med fordel lade med heimelader om natta.

Det er forbruket i snitt på ein klokketime med høgst forbruk som leggast til grunn. Altså vil det ikkje nødvendigvis ha så mykje å sei dersom ein er oppe i eit høgt forbruk i 10 minutt dersom du resten av timen har lågt forbruk.

Trinn nr

Kapasitetsledd  

Kr/mnd inkl mva

Kr/år inkl mva

Trinn 1

0-5 kW

250

3000

Trinn 2

5-10 kW

471

5652

Trinn 3

10-15 kW

664

7968

Trinn 4

15-20 kW

828

9936

Trinn 5

20-30 kW

1 155

1 3 860

Trinn 6

30-50 kW

1 925

23 100

Trinn 7

over 50 kW

3 563

42 756

Basert på Linja sine kundar sitt forbruksmønster vil omlag 56% av kundane vil ligge på trinn 1 heile året. Om lag 36% vil ligge på trinn 2. Berre 3% vil ligge på trinn 4 eller høgare.

Energileddet blir bestemt av kor mykje straum du brukar totalt (antal kilowattimar), og når tid du brukar straumen. Du betalar mindre per kilowattime om natta og i helgane enn på dagtid (kl. 7-22). Energileddet er også lågare i sommarhalvåret (april-sept) enn vinterhalvåret (oktober-mars), når trafikken i nettet er større.

Energiledd

Dagtid april-sept

Natt/helg april- sept

Dagtid okt- mars

Natt/helg okt- mars

Energiledd øre/kWh eks avgifter

21,00

15,00

23,00

17,00

Energiledd øre/kWh inkl. avgifter

48,36

40,86

50,86

43,36

Avgifter til staten

Prisane som er oppgitt føreset følgjande avgifter:

Forbruksavgift

16,69

øre/kWh*

Redusert forbruksavgift

0,554

øre/kWh

Enova

1

øre/kWh

Enova bedrift

800

kr/år

* Kan bli endra etter endeleg statsbudsjett er kjent

Kva betyr dette for meg?

Den nye nettleiga påverkar ikkje nettselskapet sine inntekter - dei blir bestemt av styresmaktene. Den nye modellen gir deg derimot høve til å spare pengar ved å bruke straumen smartare.

Mange kundar lurer på korleis den nye ordninga vil slå ut samanlikna med eit forbruk likt som i dag. Ingen kundar er heilt like, men typisk ser vi at:

  • Privatkundar med eit forbruk på om lag 10 000 kWh per år ligg an til å få ein reduksjon på nettleiga på om lag 5%.
  • Hushaldningar med om lag 20 000 kWh får omtrent uendra nettleige.
  • Privatkundar med større hus og eit høgt forbruk på 30 000 kWh  kan få en auke i nettleige på rundt 2-3% ved same forbruksmønster som i dag.

Desse tala er kun basert på nettleiga, utan avgifter til staten.

Gjennom å jamne ut straumforbruket, kan privatkundar redusere nettleiga i høve døma.

Storkundar med forbruk over 100.000 kWh har eigen prismodell. Les meir om dette her.

Blir nettleiga høgare eller lågare for meg?

Den nye nettleiga vil påverke i forskjellig grad etter storleik på huset, vanar, om ein har elbil mm. Generelt er det slik at dei med leiligheiter eller små bustader og lavt forbruk vil betale ein mindre andel enn i dag. Medan dei med større bustader og ein eller fleire elbilar vil betale i større grad.

Alle vil likevel kunne tilpasse forbruket sitt og dermed redusere nettleiga – ved ein liten eigeninnsats. Hovudmålsetninga med den nye nettleiga er at dei aller fleste skal tenke igjennom, og tilpasse forbruket sitt på ein meir samfunnsnyttig måte. Slik kan vi saman spare kapasitet, pengar og miljøet.

Korleis kan eg følgje med på straumforbruket mitt?

På Linja si «Mi side» vil det kome ein oversikt som syner kor mykje straum du har brukt per time bakover i tid.

Dersom du ønskjer å følgje med i sanntid, kan du med enkelt utstyr kople deg til HAN-porten på straummålaren din. Skaffar du deg slikt utstyr, må du opne HAN porten din via innlogging på Mi side. Oversikt over forbruket er kun mogleg å få for dei som har automatisk straummålar (AMS), som er installert i dei aller fleste hus.

Mange har også straumavtaler med straumleverandør som tilbyr ein viss oversikt over straumforbruket sitt gjennom døgnet. Dette kan vere ein nyttig måte å følgje med om en klarer å halde seg på eit nivå ein er komfortabel med.

Kor store nettinvesteringar er det realistisk å spare på smartare straumbruk?

Ved å utnytte eksisterande straumnett betre før vi byggjer ut nye kraftlinjer, kan nettselskapa spare store kostnader og dermed halde nettleiga lågast mogleg. Bare ved å flytte lading av elbilar til natta, kan vi spare 11 milliarder kroner i nettinvesteringar, iflg Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Har du spørsmål om den nye nettleiga kan du kontakte kundesenteret til Linja på 
E-post: kundesenter@linja.no 
Telefon: 57 88 48 50

Spørsmål frå media kan rettast til seniorrådgjevar kommunikasjon, Christin Aare
E-post: christin.aare@sfe.no
Telefon: 97 98 39 62