GRAVEMELDING

SFE <picture/>

Alle som skal utføre gravearbeid på eigendomen sin må sende gravemelding før gravearbeidet tek til. Dette er for å unngå skader på kablar, rør og anna utstyr som kan ligge i bakken. Dette gjeld også dersom du skal sette ned gjerde- og  rekkverksstolpar. Kontakt Geomatikk AS dersom du skal gjere gravearbeid i ein av kommunane der SFE er netteigar (sjå nedanfor).
Send epost til Geomatikk.

SFE Nett kan hjelpe til med å lokalisere kablar i bakken. Kabelpåvising er i utgangspunktet gratis og skjer innan fem virkedagar frå bestilling. Dersom du ønskjer arbeidet uført på kortare tid, kostar dette kr 600,-. Dersom kablar, rør og anna utstyr vert skada under graving vert graveansvarlig belasta for kostnadar med reparasjonar.

Vi gjer merksam på at SFE Nett også skal varslast dersom du planlegger arbeid med anleggsmaskiner innanfor 30 meter frå ei høgspentlinje. Kontakt oss på tlf 815 21 490.

SFE Nett er netteigar i Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen og i delar av Naustdal.