NÅR FÅR EG NY MÅLAR?

SFE <picture/>

Alle SFE Nett sine kundar skal byte straummålar, også du som har automatisk straummålar frå før. Det er selskapet Eltel som skal installere dei fleste målarane hos kundane våre.

Kva skjer?
Du vil få eit informasjonsbrev i posten 1-3 månadar før vi skal byte målaren din. Litt seinare du få eit nytt brev frå Eltel med forslag til tidspunkt for målarbyte, og her skal du bekrefte tilbake ved hjelp av sms eller telefon, om tidspunktet passar. Om sikringsskapet ditt er inne i bustaden din, er det viktig at det er nokon heime i tidsrommet montøren kjem. Sjølve målarbytet tek om lag 35 minutt og straumen vil då vere vekke.

Når?
Vi startar med ein liten del i Brandsøyområdet i Flora i februar 2018. Vidare har vi følgjande tidsplan i 2018:

Hyen, Eikefjord, Naustdal, Askvoll: April-juni
Florø: Mai-juli
Bremanger: Juni-august
Selje, Måløy:  August-oktober
Eid, resten av Gloppen: September-november
Oppsamling alle område: November-desember

NB! Det kan verte mindre forskyvingar i tidspunkt.

Link block image

Korleis fungerer målaren?

Vil du lære meir om korleis den automatiske straummålaren din fungerer?

LES MEIR