BLI KJENT MED MÅLAREN DIN

SFE <picture/>

Radiokommunikasjon

Straummålaren vår er av typen Kaifa og det er NURI som leverer teknologien. Dei fleste målarane våre kommuniserer via eit radio-nettverk. Dette er ein trådlaus kommunikasjonsmåte der målaren sender data via ei oppsamlingseining, også kalla konsentrator. I enkelte områder, er det utfordringar knytt til dårleg dekning og lite signal. Då kan målarar i same radio-nettverk kommunisere med kvarandre og dermed hjelpe kvarandre med å sende målardata til konsentratoren. 

HAN-uttak

Dersom du ønskjer å koble målaren din opp mot smarthus-løysingar eller liknande tilbod frå andre leverandørar, må SFE Nett opne HAN-uttaket på målaren din. Då sender du ein e-post til kundesenter@sfenett.no.