NY MÅLAR GIR STORE FORDELAR

SFE <picture/>

SFE Nett er snart i gang med å montere automatiske straummålarar hos kundane sine. Myndigheitene, gjennom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), har bestemt at alle straumkundar i Noreg skal ha automatiske straummålarar innan 2018.

Dei nye målarane kommuniserer direkte med nettselskapet og opnar for mange nye fordelar for både straumkunden, nettselskapet og for samfunnet:

  • Du slepp å lese av straumen – det skjer automatisk 
  • Målaren varslar straumbrot direkte til oss – feil kan rettast raskare 
  • Du kan kople den nye målaren opp mot intelligente styringssystem

Intelligente styringssystem kan gi både auka komfort og høve til å spare pengar. Nettselskapet leverer ikkje slike løysingar, det må du som forbrukar kjøpe sjølv frå andre aktørar. Systema kan gje deg endå betre innsikt i straumbruken eller høve til å styre straumbruken i heimen på heilt nye måtar, til dømes etter pris.                

Smart for straumnettet og klimaet
Med automatiske straummålarar vil forsyningstryggleiken bli betre. Nettselskapet får betre oversikt over kvar belastninga i nettet er størst, og dermed betre innsikt i behovet for oppgraderingar. Dette vil bidra til å redusere behovet for å byggje ut straumnettet og med det mindre kostnadar for både nettselskap og kundane. Ein veit også frå fleire studiar at betre oversikt over straumbruken fører til meir effektiv energibruk, som vil vere positivt for klimaet vårt.

Link block image

Ofte stilte spørsmål om den automatiske målaren

Sjå spørsmål og svar her