TIPS TIL ELTRYGGLEIK

  • Bruk ikkje lause lamper og frittståande varmeomnar på barnerom eller i rom der det er lause husdyr.
  • Tørk ikkje kle på elektriske omnar.
  • Lad ikkje mobilen om natta
  • Slå av kokeplater etter bruk, bruk tidsbrytar om du har lett for å gløyme.
  • Be elektrikaren din om å installere ein komfyrvakt.
  • Ha rikeleg med stikkontakter i bustaden din. Lause dobbeltkontakter og andre provisoriske løysingar gjev dårleg tryggleik.
  • Bruk aldri sterkare lyspærer enn det lampa er berekna for.
  • Trekk ut støpselet på termostatstyrte elektriske apparat som ikkje er i bruk.
  • Alt arbeid med elektrisk anlegg skal gjerast av autoriserte fagfolk.
  • Er sikringar, koplingsboksar, støpsel eller brytarar unormalt varme, kan det tyde på overbelasting. Ta då kontakt med ein elektrikar.
  • Gamalt elektrisk utstyr kan vere brannfarleg og bør kastast.

Fleire tips til trygg bruk av elektrisitet kan du lese på heimesidene til Etrygg og  DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap).