KVA GJER DLE?

Det lokale elektrisitetstilsynet (DLE) er ein del av det offentlige tilsynsapparatet for eltryggleik, og utøver tilsyn under Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). SFE Nett sin DLE har sitt arbeidsområde i kommunane Eid, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Vågsøy, Selje, Flora og delar av Naustdal.

DLE har følgjande oppgåver:

  • Gje råd om bruk og vedlikehald av elektriske anlegg og utstyr, og informere om årsaker til brann og ulukker forårsaka av elektrisk straum.
  • Ta stikkprøvekontrollar av elektriske anlegg og utstyr i bustadar og andre bygningar
  • Kontrollere at verksemder som omset elektrisk utstyr, gjer dette i samsvar med lover og forskrifter, og at utstyret dei tilbyr har eit akseptabelt tryggleiksnivå
  • Kontrollere at installatørar som monterer anlegg, har nødvendig kompetanse og rutinar til å utføre dette på ein trygg måte
  • Informere alle typar verksemder om nødvendigheita av å ta eltryggleik med i sine interne kontrollrutinar. Dette for å sikre tryggleiken for dei tilsette og redusere faren for materielle skadar

  • Kontrollere og følgje opp alle institusjoner og verksemder som nyttar elektromedisinsk utstyr i sitt daglege virke. Med det blir tryggleiken betre for både pasientar og pleiepersonell
  • Bistå politiet ved brann- og ulukkesetterforsking
  • Informasjonsarbeid om eltryggleik i skulane.