INFORMASJON TIL SKULER

DLE gjennomfører årleg undervisningsopplegg for 6. og 9. klasse ved alle skular i SFE sitt nettområde. Etrygg besøker skulane på vegne av DLE.

I grunnskulen får 9. klassetrinn informasjon om straumen sin verknad og bruksområde. I tillegg får dei prøve seg på enkle koplingar av straumkrinsar.

6. klassetrinn får informasjon om rett bruk av elektrisk utstyr og hjelpemiddel, sett i samanheng med berørings- og branntryggleik. Dei får òg ei praktisk øving i bruk at brannslokningsapparat. Tilbodet til 6. klasse er i samarbeid med brannvesenet i den enkelte kommune.

Ta kontakt med Etrygg for meir informasjon.