SFE NETT

Sparetips

Følg med på energibruken
Undersøkingar syner at dei som følgjer med på straumbruken og er denne bevisst, reduserer straumrekninga med 5-10%. Skriv ned energibruken din kvar månad eller veke. Vurder denne opp mot om det har vore varmt eller kaldt ute og om du har vore mykje eller lite heime.

Vask fulle maskiner
Oppvaskmaskin og vaskemaskin varmar vatn og brukar like mykje energi om dei er fulle eller halvfulle. Du vil spare mykje energi over tid om du ventar med å vaske til dei er heilt fulle.

Skru elektriske apparat heilt av
Skru heilt av PC, TV og spelekonsoll i staden for å la den vesle raude lampa lyse. Apparat som står i standby-modus trekkjer også straum.

Luft rett
Luft kort og effektivt. Då unngår du nedkjøling av møblar, golv, veggar og tak og oppnår samstundes betre luftutskifting.

Lysbruk
Bruk sparepærer eller ledlamper i utelys, boder, gangar og kalde rom. Bruk gjerne fotocelle eller tidsur på utelys. Slå av lyset i rom som ikkje er i bruk. Ei 60W lyspære brukar straum for om lag 500 kr i året.

Moderne styring
Bruk omnar med moderne termostat. Har du tidsur i tillegg, kan du senke temperaturen om natta og når det ikkje er folk i huset. For ein einebustad kan dette fort bidra til 500 sparte kroner i året.

Sats på fleire varmekjelder
Velg den energikjelda (straum, ved osv) som til ei kvar tid er mest lønsam. Husk at dei fleste brukar over halvparten av energien til oppvarming!

ENOVA

Dersom du ønskjer fleire tips om energisparing, kan du mellom anna besøke Enova sine heimesider. Der informerer dei også om enkelte støtteordningar for miljøvennleg omlegging av energibruken.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø