SFE NETT

Rett målaravlesing

Etter fleire kalde vintrar med høge straumprisar oppmoda både styresmaktene og kundar energiselskapa om å fakturere månadleg. Det betyr ikkje at kundane treng å lese av målaren kvar måned, men vi oppmodar våre kundar om å lese av jamnleg for å få ein mest mogleg korrekt faktura. Då slepp du også uforutsette overraskingar. 

Du må levere målaravlesing mellom den 25. og den 1. om du vil fakturerast for det du faktisk har brukt. Du kan få varsling om målaravlesing på både e-post og sms. På ”Mi side” kan du velje om du vil ha varsling på SMS eller e-post.

Det er enkelt å registrere målaravlesinga på Mi Side, men du kan og sende avlesing på epost, chat, SMS (kr. 0,99) eller på tlf 800 31 171 (gratis frå fasttelefon). Brukar du internett eller telefon vil målaravlesinga verte registrert med den datoen den vert lagt inn på. Dersom det er same dato som er oppgjeven som avlesingsdato, vil ikkje vi måtte estimere eit forbruk. Er datoen ein annan vil datasystemet estimere eit forbruk fram eller tilbake til avlesingsdato.

Dersom du sender brev, vil målarverdien verte registrert med den dato SFE Nett mottek kortet, om du ikkje har skrevet dato på kortet.

Rundt avlesingsdato vil det vere stor pågang på våre innsamlingssystem via telefon og internett, og vi gjer alt vi kan for at desse systema skal fungere heile døgnet. Dersom det likevel skulle vise seg at systema er nede når du prøver, ver venleg å prøve igjen seinare.

I 2018 startar vi med å installere automatiske straummålarar hos kundene våre. Med ein slik målar, slepp du å lese av straumen. Les meir om automatiske straummålarar her.

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
  • 57 88 48 50 (kundesenter)
  • 57 88 48 00 (feilmelding)

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø