SFE NETT

Endring i anleggstilskot

17.12.15

Når ein kunde vert tilknytta nettet vårt, eller treng eit større uttak, kan det verte naudsynt  at SFE Nett byggjer på eller forsterkar straumnettet. Kostnaden ved slike tiltak vert dekka av nettkunden.

Fram til 2015 har SFE Nett hatt ein praksis med å gje 30.000,- kroner i botnfrådrag for nye tilknytingar. Frå 1.januar 2016 fell botnfrådraget bort, og nettkunden må betale alle relevante kostnader for ei tilknyting eller forsterkning.

Endringa vil gjelde for alle bestillingar som vert gjort etter 1.januar 2016. Hovudregel vil vere at installatør som representant for kunde må ha sendt melding om installasjon før 31.12.2015 for at botnfrådrag skal innvilgast for framtidige anlegg.

Endringa har ikkje tilbakeverkande kraft. Det vil seie at alle anlegg kor tilknyting og vilkår for anleggstilskot allereie er avklara får innvilga botnfrådrag etter noverande ordning.  

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø