SFE NETT

Tips til eltryggleik

Enkle tiltak som betrar eltryggleiken:

  • Bruk ikkje lause lamper og frittståande varmeomnar på barnerom eller i rom der det er lause husdyr.
  • Tørk ikkje kle på elektriske omnar.
  • Slå av kokeplater etter bruk, bruk tidsbrytar om du har lett for å gløyme.
  • Monter rikeleg med stikkontakter. Lause dobbeltkontakter og andre provisoriske løysingar gjev dårleg tryggleik.
  • Utfør ikkje arbeid sjølv som krev autoriserte fagfolk.
  • Bruk aldri sterkare lyspærer enn det lampa er berekna for.
  • Trekk ut støpselet på termostatstyrte elektriske apparat som ikkje er i bruk.
  • Er sikringar, koplingsboksar, støpsel eller brytarar unormalt varme, kan det tyde på overbelasting. Ta då kontakt med ein elektroinstallatør.
  • Gamalt elektrisk utstyr kan vere brannfarleg og bør kastast.

Fleire tips til trygg bruk av elektrisitet kan du lese på heimesidene til Etrygg og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap)

 

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø