SFE NETT

Kontroll av verksemder

Alle verksemder er pålagde å ha eit eige internkontrollsystem

DLE gjennomfører årleg ei rekke kontrollar i næringsbygg og på gardsbruk. DLE leiger Etrygg til å utføre oppdrag på vegne av DLE.

Kontroll av verksemder blir gjennomført med utgangspunkt i den enkelte verksemda sitt internkontrollsystem. Internkontrollforskrifta sin intensjon er å fremje Helse,- Miljø- og Sikkerheitsarbeidet (HMS) i alle norske verksemder.

Internkontrollsystemet skal mellom anna innehalde rutiner for å sikre etterleving av relevante forskrifts- og normkrav.

Tilsynet skjer slik:

  • I brev til bedrifta blir kontrollen varsla og det blir orientert om bakgrunn for besøket
  • Bedrifta sitt IK-system blir gjennomgått
  • For å verifisere om vedlikehaldsrutiner fungerar, blir det utført stikkprøvebasert kontroll av det elektriske anlegget
  • Rapport blir utarbeida, der ev. manglar i tilknyting til IK-system eller elektriske anlegg blir pålagt retta med tidsfristar
  • Bedrifter som ikkje følgjer pålegg blir følgt opp med purringar og ev. andre heimla sanksjonsordningar til saka er avslutta

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø