SFE NETT

Kontroll av bustader

DLE gjennomfører årleg ei rekkje kontrollar av elanlegga i bustadar i vårt forsyningsområde. DLE leiger Etrygg til å utføre oppdrage på vegne av DLE.

Eksempelet under skildrar ein kontroll av ein vanleg bustad.

Det er ein stor fordel at kunden deltek under kontrollen. På denne måten får ein snakka om det som eventuelt blir påvist av feil, og behovet for utbetringar.

Representanten frå tilsynet "følgjer straumen" frå inntaket, gjennom sikringsskapet og kursane frem til tilkopla apparat og utstyr.

Inntaksboksen:

  • Riktige sikringar, ev. varmgang

Sikringsskapet:

  • Isolasjonsfeil (jordfeil)
  • Korrekt merking og riktige sikringar på kursar
  • Berøringsvern (at sikringane kan betenast utan at ein får straum)
  • Jording (hovudjord og utjamningsforbindelsar)
  • Ev. varmgang, t.d. brente bunnskruar
  • Lause koplingar

Den faste installasjonen:

  • Punkt med krav om jording
  • At det ikkje er blanda jorda og ujorda installasjon
  • At alle kablar og leidningar er festa
  • At kablar og utstyr som t.d. brytarar og stikkontakter ikkje er skada
  • At det ikkje er varmgang i brytarar, koplingsboksar, stikkontakter osv. (visuell kontroll)

Tilkobla utstyr:

  • at varmeovnar ikkje er tildekka
  • at utstyr ikkje er tilkopla med skøyteleidning

Etter kontrollen:

  • Rapport blir utarbeida og sendt til kunden. Dersom kontrollen ikkje har avdekka feil/manglar, vil det framgå av rapporten og saka blir avslutta.
  • Dersom kontrollen har avdekka feil/manglar, blir det sett ein frist for utbetring (førehandsvarsel). Ved nyinstallasjonar blir det sendt kopi av rapporten til utførande elektroinstallatør.
  • Kunden blir kontakta av elektroinstallatør, som stadfester kunden si bestiling på e-post.
  • Elektroinstallatør rettar påpeikte feil/manglar, skildrar rettingsarbeidet og sender rapporten til Etrygg.
  • Rettingsarbeidet blir vurdert og rapporten blir godkjent.

Dersom kunden ikkje tingar utbetring av rapporten innan fristen, blir det sendt pålegg frå DLE med ny frist for utbetring. Dersom dette pålegget ikkje blir fulgt opp, sender DLE ut purring. Dersom purringen ikkje blir fulgt opp blir saka oversendt til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med hjemmel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.

 

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø