SFE NETT

Straumnettet på Vestlandet mot 2025

Saman med andre kraftselskap på Vestlandet har SFE Nett delteke i ein analyse av behovet for oppgradering og utviding av sentralnettet på Vestlandet fram mot 2025.

Frem mot 2025 vil delar av Vestlandet oppleve ei stor auke i befolkninga og vekst i industri og anna næring. Disse regionane vil trenge betre tilgang på elektrisitet. Andre regionar har eit stort potensial for å bygge ut fornybar energi, og treng betre kapasitet i straumnettet for å ta ressursane i bruk.

Studien skal hjelpe nettselskapa å sette i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt. Det vil vere behov for ytterlegare analysar, men er eit godt utgangspunkt for vidare dialog med politikarar, grunneigarar, småkraftprodusentar, natur- og miljøvernarar og andre for å avklare alle sider ved dei ulike tiltaka.

Nedanfor kan du lese både rapporten i sin heilskap og ei meir kortfatta informasjonsbrosjyre med dei viktigaste konklusjonane.

 

Kraftsystemet

SFE Nett har ansvaret for, eller deltek i, fleire utgreiingar av kraftsystemet - om energibruk, forbruksutvikling og framtidige behov for nettutvikling. Her presenterer vi nokre av desse prosjekta.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø