SFE NETT

Ny straummålar i 2018

Alle SFE Nett sine kundar skal byte straummålar, også du som har automatisk straummålar frå før. Det er selskapet Eltel som skal installere dei fleste målarane hos kundane våre.

Kva skjer?
Du vil få eit informasjonsbrev i posten 1 - 3 månadar før vi skal byte målaren din. Eit par veker i forkant vil du få eit brev frå Eltel med forslag til tidspunkt for målarbyte, og her skal du bekrefte tilbake ved hjelp av sms eller telefon, om tidspunktet passar. Om sikringsskapet ditt er inne i bustaden din, er det viktig at det er nokon heime i tidsrommet montøren kjem. Sjølve målarbytet tek om lag 35 minutt og straumen vil då vere vekke.

Når skal det skje?
Vi har følgjande tidsplan i 2018:
Storebru - Hyen - Hestenesøyra, Eikefjord, Naustdal, Askvoll: April-mai
Resten av Flora: Juni
Bremanger: Juli - august
Selje, Måløy (og frå Stårheim og vestover samt Davik): August - september
Eid (frå Stårheim og sørover) Gloppen (utan Hyen mot Storebru) : Oktober-november

NB! Det kan verte små forskyvingar i tidspunkt.


Lær meir om dei nye målarane her.

Har du spørsmål om dei nye automatiske målarane, ta kontakt med kundesenteret vårt på 57 88 48 50.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø