SFE NETT

Lokale energiutgreiingar

Alle netteigarar er pålagde å utarbeide, offentleggjere og oppdatere anna kvart år ei lokal energiutgreiing (LEU) for alle kommunar dei har konsesjon i. Utgreiingane viser kor mykje elektrisitet, fjernvarme, olje, gass og biobrensel som blir nytta stasjonært i kommunane. Dei gjev også ei skildring av venta energietterspurnad i kommunen fordelt på ulike energiressursar, og ei vurdering av kva som reknast som dei mest rasjonelle løysingane når samfunnet skal møte den forventa etterspurnaden. Etablering av denne type faktagrunnlag er viktig for å legge til rette for ein rasjonell utvikling av energisystemet.

Nedanfor er dei lokale energiutgreiingane i kommunar der SFE Nett er områdekonsesjonær. Utgreiingane er utført av energirådgjevarar frå SFE Nett.

 

 

 



Kraftsystemet

SFE Nett har ansvaret for, eller deltek i, fleire utgreiingar av kraftsystemet - om energibruk, forbruksutvikling og framtidige behov for nettutvikling. Her presenterer vi nokre av desse prosjekta.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø