SFE NETT

Bygge ny bustad?

Det er mange ting å hugse på når ein skal byggje ny bustad. Straum er vesentleg både under bygging og når bustaden er ferdig.

Før du går i gang:
Skal det gravast på eigendomen, skal det sendast ei gravemelding til SFE Nett. Om du planlegg å nytte anleggsmaskiner innanfor 30 meter frå ei høgspentlinje, skal SFE Nett varslast på telefon 815 21 490 i god tid i førekant. For meir informasjon om gravemelding, sjå her.

Under bygging:
Treng du provisorisk straum i byggeperioden, kan du bestille eit byggestraumskap av SFE Nett. For informasjon om prisar og bestilling, sjå her.

Straum til bustad:
Når bustaden står ferdig, vil du trenge straum og fast tilknyting til straumnettet. Korleis du går fram for å bestille tilknyting til SFE Nett sitt distribusjonsnett, kan du lese meir om her.  For at du skal vere sikra straum i bustaden din når du flyttar inn, må bestilling av tilknyting til straumnettet skje innan tre månader før planlagt oppstart av grunnarbeid.

Har du spørsmål kring straum til ny bustad, kan du kontakte kundesenteret vårt på telefon 57 88 48 50, på chat eller på epost.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø