SFE NETT

Kompensasjon ved langvarige straumbrot

Nettkundar som opplever straumbrot over 12 timar samanhengande kan få utbetalt kompensasjon.

Kva er eit langvarig avbrot?

Eit langvarig avbrot er når straumen er vekk i meir enn tolv timar. Tida som reknast som langvarig straumbrot er rekna fram til tidspunktet då kunden har fått gjenoppretta straumforsyninga. Har kunden blitt tilkopla aggregat reknast dette som at straumforsyninga er gjenoppretta. Fleire påfølgande avbrot er rekna som samanhengande om ikkje normal forsyning held stand i minimum to timer. Eit kortvarig avbrot på mindre enn tre minutt reknast ikkje som eit avbrot på dei to timane med normal forsyning.

Kven har rett på kompensasjon?

For å ha rett til utbetaling må ein vere kunde av nettselskapet. Leigetakarar av kunden har ikkje rett på kompensasjon. Det utbetalast kun ein kompensasjon per kunde, uavhengig av om kunden har fleire anlegg/tilknytingsavtaler. Til dømes vil kundar som både har bustad og hytte berre få éin kompensasjon. Om kravet på dei to er ulike, er det den høgste kompensasjonen som skal gjelde. Dette gjeld og kommunar eller verksemder med mange abonnement. For fritidsbustadar kan ikkje ein samla årleg kompensasjon overstige forventa innbetalt nettleige for same år. Skadar på materiell, som frysarar, kjøleskap m.m. skal meldast til den enkelte sitt forsikringsselskap.

Korleis søkjer eg?

Det er den personen eller den juridiske eining som er kunde hos SFE Nett som må fremje kravet. Du kan søkje ved å nytte vårt elektroniske søknadsskjema som du finn her. Ønskjer du å skrive ut eit skjema, kan du laste det ned her. Adresse til SFE Nett er: Bukta, 6823 Sandane.

Ved innvilga krav vert kompensasjonen trekt frå på neste straumrekning.

For meir informasjon om ordninga, satsar og NVE sine vilkår for kompensasjonsordninga, sjå her.  

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
  • 57 88 48 50 (kundesenter)
  • 57 88 48 00 (feilmelding)

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø