SFE NETT

Bygge ny bustad?

Det er mange ting å hugse på når ein skal byggje ny bustad. Straum er vesentleg både under bygging og når bustaden er ferdig.

Før du går i gang:
Skal det gravast på eigendomen, skal det sendast ei gravemelding til SFE Nett. Om du planlegg å nytte anleggsmaskiner innanfor 30 meter frå ei høgspentlinje, skal SFE Nett varslast på telefon 815 21 490 i god tid i førekant. For meir informasjon om gravemelding, sjå her.

Under bygging:
Treng du provisorisk straum i byggeperioden, kan du bestille eit byggestraumskap av SFE Nett. For informasjon om prisar og bestilling, sjå her.

Straum til bustad:
Når bustaden står ferdig, vil du trenge straum og fast tilknyting til straumnettet. Korleis du går fram for å bestille tilknyting til SFE Nett sitt distribusjonsnett, kan du lese meir om her.  For at ein skal ha straum når ein flyttar inn i ny bustad, bør bestillinga skje innan tre månader før planlagt innflytting.

SFE Nett AS
57 88 47 00

Postadresse
Bukta, 6823 Sandane

Besøksadresse
Sandane: Bukta, 6823 Sandane
Florø: Hamregata 1, Florø